Naturfotograf, songar og tonesetjar frå Bjerkreim

Eg vaks opp på fjellgarden Grøtteland i Bjerkreim, i lag med 4 sysken, mor, far og dreng. Me hadde 7 kyr, hest, 35 sauer, hund og mange turistar som kom til gards kvart år på ferier om sommaren, i Påsken og i bærtida på hausten. Vegen frå Malmei til Grøtteland vart vinterstengd kvart år, så me barna og mor måtte kvar haust før snøen kom, flytta ut til bygda for å gå på skule. Interessen for song, fotografering og gitarspeling, har eg hatt frå eg var liten. Då eg var 5 år, stod eg på ein stol i eit familieselskap og song alle versa til Kjell og Odd Bergum sin kjendte song: "Å hvor Gud er god mot meg." 

Naturen med  blomar, sommarfuglar, fossar, bekker og fuglar har alltid vore spennande. Spesielt Fossekallen er ein fasinerande fugl, som ofte sitter på steinar eller isflak uti elvar og bekker, og dykker etter mat. Mitt fyrste fotoapparat fekk eg som 12-åring, og eigen gitar av min far som 18-åring, då eg skulle gå på Kongshaug Folkehøgskule. 

Det var mi syster, Kari som lærte meg å spela gitar, og me har sunget og spelt gitar i lag ved mange forskjellige anledningar; på gater, parker, ferjeleier og bedehus. Gitaren har ofte vore med på haiketurer og reiser. Husker me hadde med gitarane på torg-trappene i Stavanger ein lørdagskveld i oktober, og song kristne songar for dei som hadde samla seg der. Husker også at ein av dei ropte: "Syng meir om Jesus,- syng: Navnet Jesus!" Me spelar gitar og syng fortsatt i lag. Sangere som eg lytta mykje til i min ungdom var: Neil Diamond, Cat Stevens, Joan Baez, Bob Dylan, The Everly Brothers, John Denver, Hans Inge Fagervik og Kurt & Roland

Vart med i Ten Senteret i Stavanger v/Leif Holstad, då eg var 16 år, og song i lag med mi syster, på kafe-møter i Stavanger og i Haugesund , og i fengsler. Fortsatt syng eg i fengsler, og er med i Prison Fellowship her i Rogaland.

Overtok garden Grøtteland i 1983, er gift og har 3 voksne barn og eit barnebarn. Syng nå  i lag med Liv Valbjørg Apeland Bakke i ulike menigheter, kyrkjer og bedehus, og har gitt ut 3 album i lag. 
Me har sunget saman i 20 år, og har jubileum i oktober 2016 :-)

Eg vart invitert som gjest i NRK SANGTIMEN, av Nils Abrahamsen; 6.2.2011 - her finn du programmet.

SONGOPPDRAG

Ta gjerne kontakt om du treng eit program med: Song og gitar, diktlesing til Naturbilder, fortellingar, andakt og vitnesbyrd, eller krigshistorien m/naturbilder om min far; Sem Grøtteland.  Er ute med gitaren i ulike menigheter, eldresenter, "Vi over 60," Frelsesarmeen, historielag, mm